Liv og virke

Gammelvefsningen stod vesentlig på god fot med elva. Ikkje er ho noko ska(de)-elv. Dei store vatna i vassdraget held styr på vatnet og dempar flaumtoppane. Heller er ikkje Vefsndalen særleg rik på nes og anna låglende langs elva som flaumen kunne gjere skade på. Og ei elv, ho lever. Folk kan lese henne som ei anna dagsavis: No e ho på å høk (elva fell!), no flonæ ho hardt; då ha' n regnt bra i Hattfjelldal'n .Å, han snyæ vesst i fjellan; e sir han bi kje nåkko vatn i ålvæ. Og utpa sommaren vart vatnet melkegrønt. Då var smeltinga i Susenfjella komen så langt at det tærde på breane som gav denne spesielle fargen. Då vart det slutt på flugefisket for ei stund, vatnet var ikkje klårt nok.

Elva var sjølve storvegen ned gjennom bygdene. Først i 1860-åra kom landevegen sørover gjennom Bjørnadalen. Så seint som i 1955 vart Øybrua ferdig. Her for dei gardimellom eller lange vegen til byen på isbrua om vinteren, både på ski, på skeiser og med hest og slede. Seinast på Skog måtte dei ha seg på land, for her nede låg floa og braut med isen så han vart landlaus og farleg å ferdast på. Elva skilde ikkje, ho batt ihop:

Ungane gjekk på skolen tvers over elva, gutane gjekk på friing , kjerringane for på basar

 og karane måtte kanskje ut etter posten. Seinhausten og våren var vel kleinaste tida for dei som måtte over elva. Ikkje sjeldan vart det skoft, og ein og annan gongen var ikkje isen god nok, så folk gjorde si siste reis.

Men Vefsna var inga lett elv å ferdast på sommars tid. Ho fell jamnt og gir strid straum heile vegen. Og dei to store fossane var til mye bry for ferdsla. Båtane måtte dragast om fossefallet og varene kjørast og berast. Sjølvsagt letta det godt at det budde kjempekarar på Forsjorda som Ingebrikt Rokkertso(n): Han bar salttynna om forsen,180 kg.

Alle veit at det held til aure og laks i Vefsna. Ei og anna sjørøye kan slenge innom. Men visste du at her er fast stamme av harr i elva?

Aurefisket hadde neppe noko stort omfang i Ner- Vefsna i alle fall. Einast seinhaustes, når «sild-agneto», den ikkje gytemogne sjøauren, gjekk opp, då vart det fart i fisket. Laksefisket derimot har hatt stort omfang i alle tider og gitt glede og strid! Tingprotokollar så langt tilbake som på 1600-talet fortel om tretter mellom.  (Neste side)