Jan Olav Nybo, Samarbeidsrådet for Naturvernsaker
![]()
|
Generelt Norsk vasskraftutbyggingsepoke er i praksis over. Dette er slått fast både i Stoltenbergs nyttårstale i 2001, av stortingsfleirtalet gjennom behandling av St.meld. 37 2000-2001 Om vasskrafta og kraftbalansen og i samarbeidsregjeringas Semerklæring. Dette hindrer ikkje at også SRN kan sjå for seg fornuftige opprustingsprosjekt som bør realiserast dersom dei ikkje kjem i konflikt med naturverdiar og friluftsliv. Men dei store utbyggingane, både i talet på GWh og konsekvensar for naturmiljøet, er over. SRN meiner derfor at den vassdragsnaturen som er att, bør sikrast for framtida. Vi har bygd ut 2/3 av vasskraftpotensialet, og verna 20%. Det bør vere rom for ei vesentlig utviding av den verneplanen som nå er igang, der alle større, verneverdige vassdrag bør med. Både brevassdrag, næringsrike vassdrag i låglandet og kystvassdrag er underrepresentert i verneplanen, samt at delar av landet, som Telemark og Rogaland, har få verna vassdrag pga. omfattande vasskraftutbygging. Sidan urørtheit er eit viktig kriterium ved vern, framheva både av storting og regjering, bør dette tilleggast stor vekt, men ikkje med fullt så streng vurdering i fylke med omfattande vassdragsutbygging. Det overordna målet innan norsk energipolitikk er å få kontroll med veksten i energiforbruket. Dersom den veksten vi har hatt i heile etterkrigstida skal halde fram, har vi ikkje nok av verken fossile eller fornybare energiberarar til å dekke forbruksveksten i særlig mange tiår. Ein snuoperasjon er derfor heilt nødvendig, og det må brukast ein kombinasjon av økonomiske, juridiske og haldningsskapande verkemiddel. Samtidig som energibruken må ned, er det nødvendig med ein overgang frå fossile til nye, fornybare energikjelder. På kort sikt er det ikkje noe stort poeng i å skaffe ny kraft til den norske marknaden; det bidrar berre til å halde prisane nede. Dessutan er det eit stort kraftoverskot på kontinentet som vil halde seg i mange år framover. Det er meir fornuftig å utnytte dette systemet betre enn å bygge ut ny kapasitet i Norge. Men på lengre sikt bør Statkraft og andre store energiaktørar satse meir på vindkraft, solenergi og bølgjekraft enn på gammaldags vasskraft. Resterande vasskraftpotensial er gjennomgåande dyrt å realisere, og har store konfliktar i forhold til natur og miljø. Regional vurdering SRN ser ikkje noe poeng i å bygge ut meir vasskraft regionalt; evt. behov kan dekkast gjennom import, ENØK-tiltak, alternativ energiproduksjon (vindkraft, biobrenselanlegg) eller satsing på jordvarme og varmepumper. |
Derimot er Nordland av dei fylka som har mest igjen av urørt natur, i tillegg til at det er eit stort, langstrakt og variert fylke. Dermed har fylket også relativt sett mange verneverdige vassdrag som det er viktig å ta vare på. I regionen, dvs. Nordland sør for Saltfjellet, er det relativt få verna vassdrag, og ingen i indre delar inn mot Sverige. Dei verna vassdraga i regionen er også relativt små arealmessig, slik at det er viktig å få med store vassdrag. Vefsna er eit slikt vassdrag, og det klart største i Nordland som er aktuelt for vern. Ved å verne Vefsna får vi eit belte heilt frå svenskegrensa til kysten med verna vassdrag, noe som er svært interessant ikkje minst i referansesamanheng. Muligheter Helgeland Statkrafts prosjekt i området er prinsipielt interessant. Det er ingen tvil om at Statkraft har stort behov for å prøve å etablere ein miljøprofil etter å ha stått bak noen av dei mest gigantiske og miljøskadelige kraftutbyggingane her i landet på 60-, 70- og 80- talet. Det er nok å nemne Alta, Ulla-Førre, Svartisen eller Røssåga, for ikkje å snakke om runden med Beiarn, Bjøllåga og Melfjord for to år sidan. Forbetringspotensialet er altså stort, men det er positivt dersom Statkraft, som ein så stor aktør, ønskjer å vise resten av bransjen veg når det gjeld å utvikle prosjekt med minst mulig miljøskader. SRN ser det som positivt med den tidlige involveringa av lokalsamfunn og forvaltningsstyresmakter, men synst det hadde vore naturlig å trekke inn også frivillige organisasjonar innan naturvern og friluftsliv i prosessen. Vidare er det positivt at utgangspunktet er å hauste av naturens overskot og minimalisere inngrepa mest mulig. Trass i dette blir det nok nær minstevassføring på dei strekningane som blir påverka av inntak og fråføring, dvs. i Skarmodalselva (ca 8 km), Susna (10 km) og Fiplingdalselva (14 km). Statkraft seier at kritisk låge vassføringar vil gå som i dag; da blir ikkje restvassføringa veldig stor. Trass i at ein ved å låne vatn frå Vefsna kan få til forbetringar i Røssågaanlegget, bl.a. minstevassføring i dagens tørrlagte elver, meiner SRN at inngrepa i Vefsna er altfor store til å forsvare prosjektet. Vi ønskjer ikkje slike prosjekt i verna eller verneaktuelle vassdrag. Vefsna må i kraft av sitt store nedbørfelt og urørte preg vernast. Prosjektet bør likevel danne skole for Statkrafts og andre kraftutbyggarars tilnærming til nye prosjekt, dersom slike skulle bli aktuelle. SRN har derfor ingenting imot det planlagte Kjennsvatn kraftverk. Tvert imot er vi positive til at ein her med små grep kan få til relativt store positive miljøgevinstar. Understrekinger i teksten er gjort av VV. |