Ja til vern av Vefsna- og Bjerkreimsvassdraget

Politisk uttalelse fra Venstres landsmøte, 26.3.2004

Landsmøtet i Venstre vil verne Bjerkreimsvassdraget i Rogaland og Vefsnavassdraget i Nordland, og krev at desse vassdraga kjem med i verneplanen for vassdrag. Dette betyr eit ja til vern av unike natur- og kulturverdiar. Venstre vil ikkje akseptere at det vert gjort nye innhogg i det som er att av urørt natur i Noreg.

Bjerkreimsheiane er det eine av dei to naturområda som er att av urørt villmark i Rogaland. Av alle vassdraga som vart vurderte til å kome med i verneplanen, stilte dette vassdraget i ei særklasse med mangfald av kvalitetar.

Vefsnavassdraget er eit av dei største vassdraga i Noreg som framleis ikkje er omfatta av vassdragsreguleringar. Området har eit svært stort geologisk og biologisk mangfald, store opplevingsverdiar og rike høve til friluftsliv. I tillegg er det knytt store verdiar til kulturminne og samiske interesser.

Landsmøtet i Venstre støtter vernegruppene for Bjerkreims- og Vefsnavassdraga og krev at Venstre i Regjering og Storting arbeidar for at begge desse vassdraga, samt andre viktige vassdrag kjem inn i verneplan fire og får varig vern.