Elektrisitetsstatistikk
(SSB),
2002.
Årsoverskotet i kraftsektoren blei 10,5 milliardar i 2002. Det er ei forbetring
i overskotet på 16,7 prosent samanlikna med 2001. I likskap med tidlegare år var
det produsentverka som hadde den høgaste driftsmarginen. Totalrentabiliteten og
eigenkapitalrentabiliteten for kraftsektoren var høvesvis 8 og 9 prosent i 2002.
Driftsresultatet for kraftsektoren blei 18,8 milliardar kroner i 2002, noko som
er ei betring på 1 milliard frå 2001. Driftsmarginen, som viser forholdet mellom
driftsresultatet og driftsinntektene, gjekk ned 0,8 prosentpoeng til 19,1
prosent. I likskap med tidlegare år, hadde produksjonsverka det høgaste
driftsresultatet. Driftsresultatet for produksjonsverka var 10,6 milliardar med
ein driftsmargin på 47,5 prosent. Engrosverka hadde i 2001 ein negativ
driftsmargin på 6,1 prosent som blei snudd til ein positiv driftsmargin på 12,5
prosent i 2002. Totalrentabiliteten for heile kraftsektoren var 8 prosent og
uforandra frå året før, medan eigenkapitalrentabiliteten auka med eitt
prosentpoeng til 9 prosent. Bruttoinvesteringane i kraftsektoren var 5 371
millionar kroner i 2002. Det er ein auke på 24,8 prosent frå 2001.
Investeringane er stadig låge historisk sett dersom det samanliknas med tida før
dereguleringa av kraftmarknaden i 1991. I perioden 1980-1990 var gjennomsnittleg
bruttoinvestering 12,3 milliardar per år i 1998-kroner, medan gjennomsnittet var
4,9 milliardar i perioden 1991-2002 .
Høgare straumpris
Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og
offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). På landsbasis gjekk den
totale prisen for hushald opp frå 48,9 øre/kWh i 2001 til 54,6 øre/kWh i 2002,
eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen auka frå 20,6 øre/kWh til 23,5 øre/kWh,
medan nettleiga auka frå 20 øre/kWh til 22 øre/kWh. Straumprisen var i 2002
lenge lågare enn året før, men den kraftige prisauken dei siste månadene av året
førte til at gjennomsnittsprisen for heile året blei høgare enn i 2001.
Produksjonsauke
Det blei produsert 130,5 TWh i 2002, ein auke på 7,3 prosent frå førre året.
Berre i 2000 har det blitt produsert meir straum gjennom eit år i Noreg.
Produksjonen av vasskraft var 129 837 GWh. Den resterande produksjonen var 561
GWh varmekraft og 75 GWh vindkraft. Nordland var det fylket som produserte mest
straum. Produksjonen i Nordland var 17 406 GWh og stod for 13,3 prosent av den
totale produksjonen i Noreg. Totalt nettoforbruk av straum var 110 TWh i 2002.
Det er ein reduksjon på 2,8 prosent samanlikna med 2001. Hushald hadde ein
nedgang i forbruket på 3,7 prosent i høve til året før, og enda på 33,4 TWh.
Dette har blant anna samanheng med at det var 1,1 grad varmare enn normalt.
Kraftintensiv industri reduserte sitt forbruk frå 32,8 TWh til 30,6 TWh.
Kraftintensiv industri har langsiktige avtaler på kjøp av billig straum. Mot
slutten av året var straumprisen så høg at det var lønnsamt for denne sektoren å
selje noko av straumen tilbake til marknaden i staden for å bruke den til eigen
produksjon.
Netto eksport av straum
Noreg importerte 5 334 GWh og eksporterte 15 045 GWh i 2002. I 2001 netto
importerte Noreg 3 598 GWh, medan det blei netto eksportert 19 055 GWh i 2000. I
første halvdel av 2002 var vasstanden i kraftmagasina i store delar av perioden
over medianen. Det førte til høg produksjon. Ved inngangen til hausten var
fyllingsgraden høg og faren for at det kunne renne over vassmagasina var til
stades dersom det kom over normalt med nedbør. Den høge produksjonen fortsette
ei stund utover hausten til det blei klart at nedbøren og tilsiget uteblei.
Høgare produksjon enn forbruk innanlands gjennom store delar av året medverka
til netto kraftflyt ut av Noreg.
Meir informasjon: stein.erik.brevikas@ssb.no, tlf. 21 09 44 06, og randi.gjersvoll@ssb.no, tlf. 21 09 47 69.